onsdag 28. oktober 2015

Multimodalitet og literacy practices

Gunther Kress om multimodalitet og Brian Street om ”literacy practices”.

1.      Literacy, eit mangetydig omgrep
Literacy er eit mangetydig omgrep og derfor vanskeleg å anvende med ei viss presisjon (Knutsen, Aamotsbakke 2010:82). Kress drøfta allereie i 2003 utviklinga der han ynskjer å unngå det han kallar ”currently fashionable use of the term” (Kress 2003:23).  Literacy omfattar dei kompetansane som evna til å lese skriftlege tekstar på skjerm eller papir, skrive og nytte språket. Det er den hurtige spreiinga av dei digitale media som har ført til eit behov for å dela opp omgrepet ”literacy” i fleire kategoriar.”Literacy” eller skriftskultur vil vere ulik frå stad til stad, frå miljø til miljø, seier Barton (Barton 2007:3). I ein norsk kontekst er omgrepet kompetanse å føretrekke framføre ”literacy”, seier pedagogen Ole Erstad (Erstad 2005). Literacy inkluderar både lesing og skriving som kulturelle  uttrykksmåtar. Kress snakkar om multimodalitet og Street om literacy pracitices, då nytta i fleirtal. Ofte er literacy og literacyrelaterte emne nytta synonymt med det tyske omgrepet ”Bildung” som på norsk kan referera til danning. Gunther Kress snakkar om multimodalitet der lesing endras som sosiale skifte. Ein nøkkel til nytt syn på literacy ligg i den sosiale konteksta seier Barton.


2.      New Literacy  studies

New literacy studies (NLS) er ein nyare tradisjon innan literacy forskinga, der dei sosiale tilhøva ved lesing og skriving er det sentrale. Nyare forsking ”new literacy studies” (NLS) har tilført ei anna forståing av literacy frå eit psykologisk paradigme til eit sosialt, seier Barton (Barton 2007:25).  Han tek utgangspunkt i menneska sine kvardagsliv og korleis dei brukar lesing og skriving ” to be literate is to be active”( Barton 2007:32).   Barton gjer ulike eksempel på ”literacy events” som frå når ein person vaknar om morgonen og slår automatisk av vekkarklokka til deltaking i ulike aktiviteter aleine eller saman med andre, Desse aktivitetane skil seg såleis ut frå andre ”literacy events”. Brian Street skil mellom ein autonom og ein ideologisk modell der han utvikar eit skilje mellom ”literacy events” og ”literacy pracitces” ( Street, 1988).  

Skrift vart sett på som særs viktig for utviklinga av det moderne samfunnet der OECD og new literacy problematikken har fått ein sentral plass. Kompetansar som er i diskusjon i hele Europa handlar om det ideologiske synet, om skriftspråket, identitet og makt. Den autonome modellen ser teoriar på skrifta som ein katalysator for sosiale og kulturelle endringar. Dette brotsynet ser på skrifta som i stand til å setje i gang viktige endringsprosessar på eige hand, medan ideologisynet ser på vekslinga mellom bruken av teknologien, ikkje teknologien i seg sjølve, og dei sosiale omgivnadene (Melve 2001:18).  Det handlar om det ideologiske synet som ser på literacy som ein sosial prosess.  Å bruke språket skriftlig er å utføre ei sosial handling.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar